Spelegalskap, fargerike joggesko og kolsvart kaffi på Etnemarknaden

Med rundt 35 000 besøkande kvart år, er Etnemarknaden det største arrangementet i sitt slag på Vestlandet. Til Etnemarknaden kjem det folk frå fjern og nær for å kose seg med mat, landbruksutsilling, konserter, kunst og aktivitetar.

 

 

 

Vel Skog Vest var sjølvsagt innom ein tur. I eit telt kunne Vestskog by på kolsvart kaffi frå bålpanne og Kjell frå Komatsu hadde med seg ein hogstsimulator. I hogstsimulatoren fikk folk sitte i eit sete heilt likt det som finnes i ekte hogstmaskiner, med dei same pedalane, spakane og duppedittane som finnes i ?the real thing?. Dette var eit svært populært innslag kor folk satt og ?hogde trær? til dei fikk firkanta auger og vannblemmer på fingrane.

 Andre stands som profilerte skogbruk var Nortømmer i tillegg til Logosol og eit par andre som viste fram sager til heimebruk og liknande.

 Vel Skog gav folk noko å bryne seg på i form av ein quiz på marknaden. Her stakk Turid Hegerland av med eit juletre i premie og Oddbjørg Vestrheim og Anne B. Gjerdevik vant boka om fotosyntesen. Vi gratulerer!



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits